Startkurs

SONY DSC

SISTE:     Startkurs vert halde etter avtale. Oppmøter både fredag, lørdag og søndag. Pris kr 2400,-

For å delta på hesteliv eller liknande individuelle ridetimar må ein ha gjennomført «Startkurset» med bestått Rideknapp 1 hjå oss eller tilsvarande frå andre rideplasser. Startkurset held me ved inngangen til kvart nytt semester i februar eller i september.

NB! Dei som har, tek med seg ridehjelm. Elles kan ein låne av oss. Vidare må ein ha gode klede til å vere ute i (tåle regn).  Unngå glatt bukse, skoa må ha gode hælar – men ikkje lange lisser. Det blir lange arbeidsøkter (90 minutt), så husk å ikkje vera svolten ved ankomst! 

PROGRAM FOR STARTKURS:

Gjennomgang av rideteori, reglar og sikkerhetskrav på Frønsdal aktivitetsgard

- Teorikurs med film

- Utdeling og gjennomgang av Personleg Ridemappe

- Gjennomgang av Rideknappen 1 med tilhøyrande teori

- Øvingar i stallen 

- Praktisk undervisning stell og hestehåndtering/ oppstigning hest/ ridning

- Deltakarane deles opp i mindre grupper på to-tre personar ved gjennomføring av Rideknappen 1

KRAVA DU MÅ BEHERSKE I RIDEKNAPPEN 1 KAN DU LESA MEIR OM HER:

1.  Tilnærming til hesten i boksen : Kommunikasjon og aksomhet ved uthenting av hest

 2.  Pålegging av grime: Riktig påsetting og kontroll av grime

 3.  Oppbinding med sikkerhetsknute: Forsvarlig binding og rett lengde på l eietauet (grimeskaftet)

4.  Pussing og stell av hest: Å stelle hesten ordentlig – med rett utstyr

 5.  Leie hesten: Forsvarlig leiing til og fra boksen, stelleplass og ridebane

 6.  Klargjere hesten for oppsitting: Etterstramme salgjord og justere stigbøyler mens ein held tøylen

 7.  Oppsitting og ridning i skritt (m/u leieperson): Sette seg opp i salen og foreta ridning i skritt på banen (m/hjelp)

 8.  Avsitting og klargjering for innleiing: Gå ned frå salen, klargjere tøyle og stigbøyler for innleiing

 9.  Tilbakeleiing og slepp av hesten i boksen: Leie hesten inn til boksen og sleppe den korrekt frå seg