Grupperidning

hest-small

 GRUPPER PÅ STALL- OG RIDEBESØK

I stallen har me ein flott gjeng med fleire forskjellige hestar. Mellom desse er Shetlandsponni,  Welsh, Islandshest samt Norsk Kaldblods/ Dølahest. Hestane våre er glade i å gå på tur, dei oppfører seg fint i flokk og er klare for innsats når grupper kjem på besøk til stallen vår! Tilbodet eignar seg ypperleg både til barnehagar, skuleklassar, lag og foreningar eller venne- og familiegrupper. For dei som leiger Tunhuset til selskap kan grupperidning medføra eit flott avbrekk frå bordsettinga til avtalt tid.  

TID:            Heile veka heile året rundt. Oppmøte etter avtale.  

ALDER:      Både barn og voksne, avtales under bestilling

ANTALL:   Gruppestørrelser fra 6 til 20 pr gruppe. Større grupper kan rullerast med anna aktivitet.

OPPLEGG:  Gruppebesøket starter med felles besøk i stallen og tilhøyrande strigling og oppsaling av ponniane. Deretter ber det ut på tur med heile gruppa etter den organisering som høver. Ridning kan kombineres med andre aktiviteter eller matserveringVed større grupper kan det avtalast venteaktiviteter eller rullering med matservering o.l

PRIS:       1) Smågrupper opptil 6 born Kr 1600,- (minst 2 vaksne ledarar med)

                   2) Mellomgrupper 7 – 13 born Kr 2400,- (minst 3 vaksne ledarar med)                 

                   3) Storgrupper 14 – 20 born Kr 3250,- (minst 4 vaksne ledarar med) 

                   4) Mixgrupper av born og vaksne har lik pris som born.

                   5) Vaksne ryttergrupper avtales nærare på antall og pris.

                   6) Faste  gjentekne oppmøter som avtales for same gruppa kan avtalast til redusert pris. 

Opplevelse og erfaring… Ridning på ponni og hest kan vera ei stor og inspirerande oppleving for både born og vaksne. Det er lærerikt og spennande med nærkontakt med dyr på denne måten. Ponniane er på grunn av sin begrensa størrelse lite skremmande, og alle som deltek får anledning til å bli kjent med, børste på og kose med ponniane på førehand, før dei som vil kan få ri på tur. For nokre av deltakarane vil det kanskje vera første steg i retning av eit langvarig forhold til ridning og hest?

Til kvardags og fest….Anten det er i leik eller læring, på skulen, barnehage, på leir eller på lagsmøte kan ponniridning saman med gode vener vera eit positivt avbrekk og høgdepunkt i ein mange gonger strevsam kvardag. Skulle det elles vera ein bursdag eller slektstemne eller andre private arrangement kan ein ponniridetur i fellesskapet setja ein ekstra spiss på ein elles vellukka samanheng! Ved særlege tilstellingar kan me på sommarhalvåret frakte hestane til det aktuelle arrangementet.

Sikkerhet og forsiktighet.…Dei ponniane me bruker til grupperidning er rolege og trygge dyr. Men ridning vil aldri kunne bli ein 100% trygg aktivitet uansett sikkerhetsnivå. Frønsdal aktivitetsgard har hjelmar i alle storleikar for utlån. For sikkerhets skuld er det viktig med nok vaksne leiarar til å sjå til resten av borna. For private grupper må foreldra sjølv ta ansvaret for å ha teikna forsikring dersom skade skulle oppstå.         

Bestilling og vilkår….Tidspunkt avtales nærare med oss. Grupperidning kan passe året rundt, både vekedagane og helga kan vera aktuelle. Andre aktiviteter ved besøket avtales nærare, men det vil normalt gå mellom 1 og  2 timar pr. gruppe for ridning.